GRØNT SAMFUNN

Miljøpartiet Dei Grøne vil styrkje lokaldemokratiet, og meiner at gode offentlege tilbod må til for å sikre god livskvalitet. Vi ønskjer grunnskular i nærmiljøa, som representerer livs­nerven i gode lokalsamfunn og er vesentlege for å skape trygge oppvekstvilkår som gjev lokal identitet og tilhøyrsle. Vi vil arbeide for eit samfunn som fremjar fysisk og psykisk helse, og vi ønskjer meir samarbeid mellom frivillige, profesjonelle og forsking for å styrkje ein aktiv førebyggjande kvardag.

 

Miljøpartiet Dei Grøne i Masfjorden vil:

  • Arbeide for at Masfjorden får status som «Fairtrade»-kommune og blir medlem av «Initiativ for etisk handel».
  • At kommunen allereie no fastset ambisiøse mål, slik at ein stor del av alle planlagde kommunale byggeprosjekt, både nybygg og rehabilitering, skal oppnå «nesten nullenerginivå».
  • Arbeide mot innføring av e-val, som bryt med demokratiets fundamentale prinsipp om hemmelege val og er til hinder for god etterkontroll.
  • Auke stønad og samarbeid med frivillige organisasjonar som er berebjelken i eit aktivt og inkluderande lokalsamfunn.
  • All kommunal sakshandsaming skal ha vurdering av miljøkonsekvensar, sosiale forhold, og kva økonomiske posteringar som følgjer. Og saksutgreiinga skal verte tydelegare på å ha med argument både for og mot ei sak.
  • Ha handelfri på søndagar.
  • Tilsetje vaktmeistrar ved alle større offentlege bygg, skular og ved sjukeheimen.

Stimulere til etablering og nyinnflytting ved å bære dei litt på laurbær i starten.

26. august, 2015