GRØNE OMGJEVNADER

Miljøpartiet Dei Grøne meiner at naturen har eigenverdi utover nytteverdien for menneske, og at det er eit mål i seg sjølv å bevare mest mogleg urørt natur til framtidige generasjonar. Naturvernet er viktig for å verne ulike naturtypar, artsmangfald og av klimaomsyn. Vi skal ha som mål å kontinuerleg minske vårt økologiske fotavtrykk. Mennesket sine aktivitetar utryddar no plante-, fiske- og dyrearter i eit stort og aukande omfang.

 

Miljøpartiet Dei Grøne i Masfjorden vil:

  • Auke vern av skog, våtmark, havbotn og andre artsrike biotopar i tråd med vitskaplege anbefalingar. 15 % vern av kvar naturtype er eit minstekrav.
  • Ta vare på friluftsområdet i Fensfjorden, og unngå nedbygging av randsona.
  • Avvikle skotpremie på vilt.
  • Betre forvaltninga av småviltjakt.
  • Ha forbod mot å byggje i strandsona, og nær elver og vassdrag, utan når det inngår i ei heilskapleg vurdering i reguleringsplanen.
  • Unngå fragmentering av dei få «urørte» områda i fjellet.
  • Ha strenge retningslinjer for å unngå spreiing av miljøgifter, framande artar eller sjukdomsskapande organismar i vatn og i naturen.
  • Unngå bruk av plantegifter. Dette gjeld ikkje berre i landbruket, men også i skjøtselen av offentleg eigedom og langs offentlege vegar.
  • Avvise alle søknader om pelsfarmar i kommunen.
  • Sikre dei gjenverande vassdraga og bekkar mot kraftutbygging.

Så lenge det er overskot på kraft i Noreg, og det er stort potensial for ENØK, er det ikkje nødvendig å tilføre ny kraft i marknaden, senke energiprisane og byggje ned enda meir natur

26. august, 2015