GRØN UTVIKLING

Miljøpartiet Dei Grøne meiner at det skal vere mogleg å leva godt og miljøvenleg som innbyggjar i Masfjorden, og at lokalsamfunnet vårt må organiserast og planleggjast slik at det blir ein viktig del av løysinga på miljøutfordringane. Me ønskjer ei ny økologisk bere­kraftig og framtidsretta samfunnsutvikling. MDG har fokus på livskvalitet for alle – framfor eit aukande forbruk.

 

Miljøpartiet Dei Grøne i Masfjorden vil:

  • Arbeide for bygder med ein økologisk og berekraftig profil.
  • Alle kommunale einingar skal verte Miljøfyrtårn og arbeide med redusert forbruk og rette miljøval i kvardagen for å spare miljø og økonomi.
  • Opprette ei eiga stilling som miljøvernleiar i kommunen.
  • Me ønskjer kommunestrukturdebatten velkommen, og stiller med ope sinn for å sjå kva verknad det vil ha på det som er viktig: fordeling, medkjensle, tillit, lokaldemokrati, pendling og til-/fråflytting. For å få ein god prosess vil me som inngang ha fastlagt at ingen vert oppsagde, og inga tenestestader vert nedlagde i fyrste omgang.
  • Verne strandsona og vassdrag, og som hovudregel unngå dispensasjonar når dette ikkje inngår i reguleringsplanen.
  • Styrke kommunalt eigarskap i NGIR og bruke eigarskapet aktivt for å styre mot meir miljøvenlege løysingar.
  • Arbeide for betre kollektive løysingar og fleksible transporttilbod, og ei utvikling der flest mogleg syklar og går til daglege gjeremål. Det er bra for miljøet, helse og god læring, og det er sosialt utjamnande.
  • Ha fleire avgangar med kabelferga.
  • Ikkje prioritere bru over Masfjorden med dei store kostnadene for ein lokal veg.
  • At alle skulevegar i Masfjorden har fortau og sykkelstiar med tilrettelagt sikker kryssing av veg.
  • Betre tilbodet om ekspressbuss til Bergen, også med tilførselsruter frå Masfjordnes og Hosteland.
  • At det blir gratis å ta med sykkel på alle bussar i vårt distrikt.
  • Etablere betre rutinar for brøyting av fortau, gang- og sykkelvegar.
  • Leggje til rette for at deling av kjøretøy skal vere attraktivt i Masfjorden.

Tilretteleggje for næringsareal og bustadareal på Hosteland og Matre