GRØN OPPVEKST

Barna representerer framtida, og ein god og trygg barndom for alle er ein hovud­målsetjing for Miljøpartiet Dei Grøne. Barna sine behov for tryggleik og kjærleik, samt fråvær av overgrep og forsømming, må alltid prioriterast framfor andre omsyn. Den gode skulen og barnehagen og heimen er basert på anerkjenning av barnet som sjølv­stendig individ, og skal stimulere til samfunnskritisk tenking med stor vekt på praktiske ferdigheiter og erfaringar. Barna skal oppleve og tileigne seg medmenneskelegheit, toleranse, empati og ikkje-vald.

 

Miljøpartiet Dei Grøne i Masfjorden vil:

  • Oppretthalde ein desentralisert skule- og barnehagestruktur.
  • Auke samarbeidet mellom skulane både med elevsamarbeid, og at lærarkompetansen vert nytta effektivt på fleire skular.
  • Sikre godt samarbeid mellom skule og barnehage, helsestasjon, lege, psykolog, barnevern og PP-tenesta.
  • At også pårørande til barn med særskilde behov må få tilbod om hjelp.
  • Støtte dei foreldra som er heime med barna, m.a. med fleksibelt barnehagetilbod.
  • At skulane og barnehagane skal praktisere gjenvinning, energisparing og anna miljøarbeid, og nytte dette aktivt.
  • Styrke kreative fag i skulen.
  • Avgrense rapporteringskrava, og sikre at læraren vert støtta av andre yrkesgrupper med ansvar for psykososial oppfølging.
  • At barn med særskilde behov har prioritet både i og etter skuletid.
  • Styrkje samarbeidet heim/skule/barnehage, både individuelt, på skulenivå og mot frivillige organisasjonar.
  • Vidareføre arbeidet med idrettsskule, kulturskule og MOT.

26. august, 2015