GRØN MARKNAD

Livskraftige lokalsamfunn treng livskraftig næringsliv. Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer å leggje til rette for berekraftige og miljøvenlege arbeidsplassar i nærmiljøet. Vi ønskjer levande marknader med kortreist mat og lokale tenester, levedyktig landbruk og havbruk, og fokus på framtidsretta løysingar.

 

Miljøpartiet Dei Grøne i Masfjorden vil:

  • Trekkje kommunale driftsmidlar, investeringsmidlar og pensjonsfond ut av bankar, fond og forsikring som er involvert i kull-, olje- og gassverksemd eller uetisk verksemd. Investeringar skjer i grøne fond, fornybar teknologi og grønt næringsliv.
  • Avgrense offentleg låneopptak, då dette både stimulerer forbruk og legg større byrder på framtidige generasjonar.
  • Unngå sal av kommunale eigedomar og selskap, unntatt når midlane vert nytta til vidare investering i tilsvarande eigedom. Til dømes byggje nye bustader ved sal av bustad.
  • Arbeide med GMU for å kople vårt verdsleiande kunnskaps- og forskingsmiljø på havbruk med den nye Næringshagen på Matre til næringsutvikling mot eit meir berekraftig og dyrevenleg havbruk i Masfjorden og verda.
  • Arbeide for at lokalt entreprenørskap får gode rammevilkår, støtte og stimulering.
  • Erstatte ufrivillig deltid i kommunal sektor med tilbod om heiltid.
  • Ikkje inngå avtalar med leverandørar og underleverandørar som nektar tariffavtale med sine tilsette.
  • At kommunen stiller fleire lærlingplassar til disposisjon.

26. august, 2015