GRØN KULTUR OG FRILUFTSLIV

Kunst og kultur er viktig for å skape identitet. Miljøpartiet Dei Grøne i Masfjorden er opp­tekne av å forvalte den profesjonelle og amatørkulturen, språket vårt, idrett og friluftslivet, matkulturen og ulike handverkstradisjonar på ein god måte. MDG ønskjer å vere pådrivarar for å synleggjere og byggje ein felles identitet, tufta på verdiane og kunnskapen som alt finst i bygdene våre.

 

Friluftsliv betyr både store og små opplevingar i naturen, og dei har ingen minste­terskel. Tilgjengelege og godt opparbeidde turstiar må sikre at så mange som mogleg kan ta naturen i bruk. Friluftsliv har ein påviseleg og positiv påverknad for både fysisk og psykisk helse, og er noko av det viktigaste lågterskeltilbod for fysisk aktivitet i vår kommune. Gjennom naturopplevingar utviklar vi forståing for økologisk tankesett og naturvern, og vi vert betre i stand til å sjå samanhengen mellom menneske og natur.

 

Miljøpartiet Dei Grøne i Masfjorden vil:

  • Styrke Masfjorden folkebibliotek.
  • Stø opp om kulturtilbod som Den kulturelle skulesekken, MOT, bokbåten og Riksteatret.
  • Opprette «Den kulturelle spaserstokken».
  • Styrke fritidstilbod til barn og unge ved å gje støtte til idrettslokale, kaféar, kulturaktivitetar og andre møteplassar basert på ungdommens ønskje.
  • Innføre stønadsordningar for rusfrie helgetiltak og kulturtilbod for og av ungdom.
  • Miljøpartiet Dei Grøne i Masfjorden meiner også at det er svært viktig å verne allemannsretten og vår felles natur.
  • Vi vil føre ein streng politikk mot motorferdsel i utmark, og er sterkt imot tilrettelegging for fornøyelseskøyring med snøscooter.
  • Leggje til rette for meir fysisk aktivitet, både gjennom det organiserte idrettstilbodet og ved uorganisert leik og moro.
  • Utbetre parkeringshøve knytt til turområde.
  • Kartleggje høve for å gje fleire område vernestatus som friområde.
  • Styrkje skuleprogram for trivsel og meistring i samband med friluftsliv.
  • Styrkje arbeidet med turstiar gjennom dei frivillige laga. Arbeide for fylkeskommunale initiativ for turvegar, turstiar o.l. på tvers av kommunegrenser.
  • Støtte arbeidet med ein fullverdig konsolidering av Bjørn West Museet inn i Museum Vest.
  • Arbeide for nybygg til Bjørn West Museet og Visningssenter for Stølsheimen.
  • Hjelpe eigarar å ta vare på freda og bevaringsregulerte eigedomar.