GRØN HELSE OG OMSORG

Eit trygt og inkluderande samfunn med små økonomiske skilnader er viktig for god helse. Miljøpartiet Dei Grøne i Masfjorden vil styrke alle førebyggjande tiltak innan helse og omsorg.

 

Miljøpartiet Dei Grøne i Masfjorden vil leggje til rette for daglig mosjon i form av gåing og sykling, og for kontakt med naturen. Førebygging er betre enn rehabilitering – dette må vere det leiande prinsippet både i frivillig arbeid og i det profesjonelle helseapparatet.

 

Miljøpartiet Dei grøne i Masfjorden vil:

  • Leggje til rette for at eldre som er friske nok til det, kan bu heime, om dei ønskjer det.
  • Leggje til rette for korttidsopphald for dei som treng plass i kortare periodar
  • Sikre permanent plass på sjukeheimen for sjuke og eldre når dette er til det beste for dei.
  • Avgrense talet på faste pleiarar i heimesjukepleia som kvar brukar treng å verte kjent med.
  • Bruke pårørande som ein ressurs i arbeidet med pleie, rehabilitering og habilitering.
  • Leggje vekt på førebyggjande helsearbeid for barn.
  • Tilby sunnare, betre og meir varierte måltid på offentlege helse- og omsorgs­institusjonar, også til allergikarar og vegetarianarar.
  • Ha ein restriktiv alkohol- og ruspolitikk.
  • Arbeide for konkrete tiltak for vern mot støyureining.
  • Ta initiativ til at kommunen i regi av FN tek imot flyktningfamiliar, og spesielt hjelper barn.
  • Motverke diskriminering ved tilsettingar, og leggje til rette for funksjonshemma.
  • Imøtekome behovet for rimelege husvære for personar med særlege økonomiskeikkje-kommersielle utleigebustadar ved nybygging.
  • utfordringar. Dette kan gjerast ved å sikre tilstrekkeleg tal på kommunale og

26. august, 2015