Fotocredit:

EIT GRØNARE MASFJORDEN – MDG’s program Kommunevalet 2015-2019

Miljøpartiet Dei Grøne i Masfjorden set samspelet mellom menneske, natur og biologisk mangfald i sentrum for politikken. Vi bur i lokalsamfunn, og desse er ryggraden som gjev tryggleik, identitet og tilhøyrsle. Vi vil ha ei bygd som bevarer landbruk og grøne område, som tek vare på og utviklar lokalsamfunnet og det lokale næringslivet. Vi vil ha ei klima­smart bygd der det er godt å bu, med god livskvalitet, samkjensle, møteplassar og arbeidsplassar.

 

Miljøpartiet Dei Grøne stiller til val i Masfjorden for første gong. Det vert spanande for oss, og det gjev deg moglegheit til å stemme på eit parti som set berekraftig utvikling og tanken på komande generasjonar i sentrum for all politikk.

 

Politikk og lokaldemokrati byggjer tillit og samkjensle og former våre barns framtid – bruk stemmeretten uansett. Godt val!

 

GRØN UTVIKLING

GRØN MARKNAD

GRØNT LAND- OG HAVBRUK

GRØNT SAMFUNN

GRØN OPPVEKST

GRØN HELSE OG OMSORG

GRØNE OMGJEVNADER

GRØN KULTUR OG FRILUFTSLIV

Heile programmet kan du sjå her i pdf: Program Masfjorden MDG 2015-19

 

 

26. august, 2015