GRØNT LAND- OG HAVBRUK

Miljøpartiet Dei Grøne vil arbeide for å gjenreise eit berekraftig landbruk og havbruk basert på lokale ressursar som tryggjer arbeidsplassar, opprettheld busetjing og sikrar gode norske matvanar. Me er uroa over det store bildet der verdsproduksjon av fiskemjøl og soya i for stor grad går til å redusere proteinmengda gjennom foredling i industrielt landbruk og havbruk. Dette er ein trussel mot ei sosial fordeling i verda, mot fiskeressursane, mot regnskogen og ei berekraftig framtid.

 

Miljøpartiet Dei Grøne i Masfjorden vil:

  • Auke sjølvforsyning av poteter, frukt, grønsaker, belgfrukter, mjølk, kjøt og egg i Masfjorden, og stimulere til meir økologisk landbruk.
  • Arbeide for ein nullvisjon for nedbygging av matjord. Tungtvegande samfunnsinteresser eller behov på garden må vere einaste unntak.
  • Påleggje bønder å ha vegetasjon mellom jorder og vassdrag for å hindre avrenning og erosjon, skape korridorar og stimulere biologisk mangfald.
  • Arbeide for systematisk og auka bruk av lokale utmarksbeiteressursar.
  • Leggje til rette for meir andelslandbruk og skulehagar, samt andre formar for matproduksjon.
  • Oppfordre til lokal satsing på utnytting av algar og annan vegetabilsk sjømat.
  • Opprette fiskerisamvirke etter modell frå landbruket, med vekt på foredling og distribusjon av lokal fersk fisk.
  • Arbeide for arealavgift for havbruksnæringa.
  • Arbeide for større avstand mellom havbruk og busetnad, og andre verdifulle naturområde.

26. august, 2015